Skjåk Energi AS og Gudbrandsdal Energi-konsernet er i forhandlinger om mulig fusjon.

Publisert 07.05.2024



Følgende pressemelding er sendt ut fra Gudbrandsdal Energi-konsernet og Skjåk Energi AS:

Skjåk Energi AS og Gudbrandsdal Energi Holding AS er i forhandlingar om ein mogleg fusjon av nett- og fiberselskapa i dei to konserna. Dette gjeld selskapa SkiakerNett AS og Skjåk Energi Entreprenør AS som er tenkt fusjonert med Vevig AS og Gudbrandsdal Energi Fiber AS. Skjåk Vasskraft AS og Aursjokraft AS er ikkje omfatta av planane.

Bakgrunnen er at kommunestyret i Skjåk seinhaustes i 2022 vedtok, etter tilråding frå styret i Skjåk Energi AS, at det skulle setjast i gang ein prosess med å vurdere fusjon av verksemda med unnatak av Skjåk Vasskraft AS. I mai 2023 inviterte styret i Skjåk Energi AS eit utval av energiselskap til å kome med bod. Gudbrandsdal Energi Holding AS kom saman med tre andre med bod og vart etter ein grundig prosess valt ut til vidare forhandlingar. «Dette er vi interesserte i for å styrke regionalt eigarskap og verdiskaping i energisektoren», seier konsernsjef i Gudbrandsdal Energi-konsernet, Per Oluf Solbraa.

Kvifor eventuell fusjon?

«Som eit lite energiselskap ser vi framtidige utfordringar med å stå på eigne bein både i høve til økonomi for eigar, nivå på nettleige for innbyggjarane i Skjåk, kompetanse og sårbarheit og dette er bakgrunnen for at vi nå ser på alternativet med ein eventuell fusjon. Det går føre seg mykje konsolidering i bransjen og vi ser behovet for tettare samarbeid i regionen for å henge med i utviklinga», seier styreleiar i Skjåk Energi AS, Hans Sæther.

Nettselskapet SkiakerNett AS vil ved ei samanslåing bli ei ein del av nettselskapet Vevig AS. Dette vil bety ein meir effektiv driftsorganisasjon ved å kunne dele på felles system, utstyr og ressursar som over tid vil gje lågare nettleige i Skjåk enn om SkiakerNett AS held fram som frittståande selskap. Skjåk kommune vil etter ei eventuell samanslåing bli ein del av konsesjonsområdet til Vevig AS saman med kommunane Nord-Fron, Sør-Fron, Ringebu og Øyer. Det vil bli arbeidd vidare med utbygging av nett- og fiberinfrastrukturen i heile konsesjonsområdet.

«Ved å fusjonere delar av Skjåk Energi med Gudbrandsdal Energi-konsernet vil vi stå sterkare i ei eventuell vidare konsolidering og det vil bli eit selskap som er betre utrusta for å møte framtidige utfordringar. Det vil også ta i vare lokalt/regionalt eigarskap og lokal verdiskaping, samt at ein sikrar kompetansearbeidsplassar i regionen», seier konsernsjef i Gudbrandsdal Energi-konsernet Per Oluf Solbraa.

Tilsette og lokasjon

Gudbrandsdal Energi-konsernet vil oppretthalde Skjåk som lokasjon og Skjåk vil bli eit avdelingskontor på lik line med avdelingskontoret på Øyer. Alle tilsette som i dag har arbeidsstad Skjåk vil halde fram med å ha det som arbeidsstad, men vil vere tilsette i selskap i Gudbrandsdal Energi-konsernet.

«Det å halde oppe lokal aktivitet i Skjåk, og det gjeld både montørbase og administrativt tilsette, er viktige premiss i forhandlingane vi er inne i», seier styreleiar i Skjåk Energi AS, Hans Sæther.

Kva med Skjåk Vasskraft AS og Aursjokraft AS?


Kraftproduksjonen i Skjåk gjennom Skjåk Vasskraft AS er ikkje ein del av den eventuelle samanslåinga og Skjåk Kommune vil framleis ha full kontroll over Skjåk Vasskraft AS. Aursjokraft AS er halde utanfor transaksjonen sidan det er mest naturleg å sjå sal av kraft til innbyggjarane i Skjåk i samanheng med kraftproduksjonen i Skjåk Vasskraft AS. Dei tilsette i Skjåk Energi som i dag følgjer opp Aursjokraft og Skjåk Vasskraft vil halde fram med det gjennom ei tenestekjøpsavtale, slik at straumkundane i Skjåk ikkje vil merke nokon forskjell på grunn av dette.

Vidare handsaming


Kommunestyret i Skjåk blir orientert i dag, 7. mai. Vidare skal styret i Skjåk Energi AS handsame saka og kome med ei tilråding til kommunestyret som etter planen skal avgjere saka i møte 20. juni.

Kontakt:

Per Oluf Solbraa

Konsernsjef

Gudbrandsdal Energi-konsernet

Tlf: 958 23 274

Epost: pos@geholding.no

Hans Sæther

Styreleiar

Skjåk Energi AS

Tlf: 909 61 361

Epost: hans_saether@gmail.com


Generell informasjon om selskapa:

https://geholding.no/

https://www.sken.no/

Våre Summer Interns

Jul 24, 2024

I sommer har vi fire Summer interns i konsernet gjennom Internship Gudbrandsdalen. To jobber hos oss i Vevig, og to i Gudbrandsdal Energi Ho...

Ledig stilling: Avdelingsleder Anlegg og logistikk

Jul 19, 2024

Vi søker en dyktig og engasjerende leder til avdelingen Anlegg og logistikk. Stillingen inngår i Vevigs ledergruppe, og vil gi stor mulighet...

Ledig stilling: Prosjektleder/strategisk planlegger

Jul 12, 2024

Vi søker prosjektleder/strategisk planlegger til prosjekter i regional- og distribusjonsnettet.

Nettleiepriser fra 1. juli 2024

Jun 14, 2024

Nettleien øker med ca. 5 % fra 1. juli 2024. Dette skyldes økt kostnad til overliggende nett samt bortfall av kompensasjon for nettapskostna...